Det grøne skiftet- Kor grøne kan vi bli?

Noreg har kompetanse på utvikling og forvaltning av ulike energiformer. No står vi overfor ein nødvendig omstilling. Kva teknologiske og kommersielle moglegheiter skal omfamnast av både politikarar og marknaden? Kor grøne kan vi bli – på kort og lang sikt?

Grønne skifte

For at Norge skal være et av de mest produktive og innovative landene i Europa må vi ha økt satsing på forskning, innovasjon og høy kvalitet på utdanning. Vi er et høykostland – så vi må være smartest. Da produktivitetskommisjonen la frem sin rapport i februar slo de fast at det er teknologi og realfaglig kompetanse som gjør oss godt rustet til omstilling og økt produktivitet. Tekna Student representerer 12 000 smarte teknologihoder. Det er denne kunnskapen som skal bidra til å sikre Norges velferd i ti-årene fremover.

Samstundes som tusenvis av nye studentar vart immatrikulert for to veker sidan, var Studentutvalet i Tekna Student på Arendalsuka. Saman med Tekna Klima inviterte vi klimadebatt om det grøne skiftet. Kva er vår rolle og vilje i dette, og kva er ulike næringars levedyktigheit i ein verd med høge klimaambisjonar?

Det var duka for ein fruktbar debatt med representantar frå Elkem Solar, Miljødirektoratet, Gassnova og Norsk Olje og Gass. Underteikna tok sjølv del i debatten, og utfordra dei andre på blant anna på å la studentar få ta ein større rolle i å utforme morgondagens teknologi.

bilde debatt

Studentar veljar seg eitt studie fordi at de har lyst til å lære meir innanfor eitt spesielt fagfelt. Studentar er nysgjerrige, og har ofte høye ambisjonar om å få lov til å være med å endre og utvikle ny kunnskap og teknologi. Derfor er det ekstremt viktig at universitetssektoren og næringslivet tar tak i dette. Studentar må få lov til å ta aktiv del i å utforme morgondagens teknologi.

Eg saknar eitt større samspill mellom næringsliv og forsking. Mellom næringsliv og universiteta. Mellom næringsliv og studentane. Næringslivet må satse meir på studentar, og utlyse spennande og ambisiøse sommarprosjekter, prosjektoppgåver og masteroppgåver som er viktig for bedrifta. No er det eitt enormt moglegheitsrom for omstilling, med mykje tilgjengelig kompetanse frå arbeidssøkande, nyutdanna og studentar med høg kompetanse.

Noreg treng ein ny næringsspesifikk, nasjonal industri- og teknologipolitisk strategi. Vi treng satsing på områder der vi har fortrinn, eksempelvis på havrom. Satsinga må vere bevisst og målretta. Vi satsa på vatn, og vi fekk Hydro og aluminium. Vi satsa på olje, og vi har fått ein enormt god leverandørindustri. Det har vore målretta satsingar.

No må Noreg igjen ta målretta val. Vi treng industrielle utprøvingssentra, laboratorieinfrastruktur og fullskala demonstrasjonsanlegg for å legge til rette for teknologioverføring og innovasjon. Dersom Noreg i framtida skal vere eitt av dei mest produktive og innovative landa må investeringane komme no.

Christoffer Vikebø Nesse, leder Tekna Student